Kjære historieinteresserte boknar!

Kultursoga_framsidebilder

Det vil venteleg framleis gå ein månad før kultursoga ligg føre.

Av Birger Lindanger

Eg veit at mange av dykk ventar i spenning på kultursoga. Som de kanskje også hugsar, var verket ferdigskrive i fjor haust. Det har sidan vore inne i produksjonfasen med layout, montering av foto, tilrettelegging av tabellar og grafiske framstillingar, utarbeiding av eit omfattande stadnamn-, personnamn- og saksregister og kvalitetssikring av bilete og fototekstar.

Frå 400 til 1200

I utgangspunktet var det tenkt at dette skulle bli ei bok på 400 sider. Nå viser det seg at verket vil bli to band på kvar 600 sider, altså til saman 1200 sider – tri gonger meir enn opphavleg tenkt. Og det skjer utan å utvida budsjettrammene!

Ein kostnad har likevel utvidinga – tid! Det tek lenger tid å skriva 1200 sider enn 400 sider. Det viser seg at det også tek lenger tid å produsera eit verk som blir så mykje meir omfangsrikt. I staden for kring 200 illustrasjonar er det i staden kring 600 illustrasjonar som skal monterast! Ikkje minst har det gått med tid til å gje bileta så høg kvalitet som råd.

Det er bare å beklaga at dette har teke tid og at det venteleg framleis vil gå ein månad før verket ligg føre. Men med tanke på at det skal halda ei tid, er det kanskje verdt det? Og den som ventar på noko godt...?