Kalenderpåfyll

Klikk for stort bileteKalenderen på kommunen si nettside, Kva skjer?, blir stadig oppdatert. Det som tidlegare heitte Kulturkalenderen får mest påfyll i starten av vårhalvåret og hausthalvåret.

Få med deg alt

Det er verdt å merka seg at ein må klikka/trykka seg på teksten til dei ulike arrangementa for å sjå all informasjonen som er lagt inn. Dette kan vera både bilde og tekst.

Samtlege av arrangementa som er synlege på framsida til bokn.kommune.no pr. 19. august har slike tilleggsopplysningar. Gå inn og sjå!