Julemesse nr. 7

Klikk for stort bileteVita Kravale: Glasskunst er nytt på julemessa i år.Primus motor, Margareth Bokneberg, fortel at alt er klart til årets julemesse - hendinga som gjekk føre seg i gymsalen på skulen før flyttinga til Bokn Arena i 2016.

Årets julemesse er sundag 3. november kl. 12 - 16.

Nye utstillarar

Messa har vakse jamt og trutt gjennom åra og blitt ei populær hending for mange. I år kan initiativtakaren presentera fire nye utstillarar:

  • Vita Kravale: Glasskunst (bildet)
  • John Kristian Stenersen: Kloknekkeren
  • Emilie Moi Eikje: Emilies holmalam
  • Elin Westerlund: A knit story

Julemessa på Facebook