Juleavslutninga 2017

Frå juleavslutninga 2017Fjorårets tradisjonelle juleavslutning for Bokn skule var  21. desember, ei stor og minnerik oppleving for mange.

Det var andre året Bokns nest største (etter 17. mai) faste kulturelle arrangement blei halde i Bokn Arena, og juleavslutninga 2017, som var nr. 32 i rekka, samla fleire folk enn nokon gong. I tillegg til at den store hallen har ført til invitasjonar til besteforeldre, viste det seg at det kom fleire enn dei som var registrerte som påmelde, og fleire stolar måtte ut i full fart. Men i Bokn Arena er det som kjent god plass. Rundt 350 stk. var samla til den store hendinga.

I generasjonar

Og hendinga var like stor i 2017 som ho var i 1986, med 100% elevdeltaking på og rundt scenen. Blant alle skular i heile landet må Bokn vera i ein ekslusiv klubb her. For underteikna, som er blant grunnleggarane til arrangementet, er det spesielt morosamt når enkelte program-oppgåver blir utførde av barna til dei som gjorde dei same oppgåvene då dei var elevar, og der både foreldre og besteforeldre sit blant publikum og høyrer på.

Tradisjonelt program

Innhaldet har heller ikkje forandra seg mykje på over 30 år; etter at adventslysa er tende har barneskulen ulike julespel fram til matpausen. Ungdomsskulen og skulepersonalet har sine innslag etter pausen. Programmet blir krydra med elev-akkompagnerte allsongar og konferansiérar frå 10. klasse. Sjølv om oppsettet av programmet følger eit fast mønster, dukkar det år etter år opp nye talent og ein blir imponert av dyktige elevar. 

Årets mørkaste dag

Bokn kommune tok oppfordringa frå Røde Kors om å gjera årets mørkaste dag, 21. desember, litt lysare for einsame i Noreg. Juleavslutninga 2017 blei avvikla på denne datoen, og i tillegg til at rektor tok opp temaet i julehelsingstalen sin, var 40% av innbyggarane i Bokn samla i tre timar der lyspunkta stod i kø.

101 bilder

Programmet for 2017 er skrivne inn i bildetekstane under, og dei kjem fram når du klikkar/trykker på bildene.

Foto, festprogram: Hans Faye - Foto, generalprøve: Jardar Havikbotn. Viss nokon av ulike grunnar vil ha bilder fjerna, tar dei kontakt med kulturkontoret.