Jarle Nilsen 17. mai-talar

Jarle Nilsen på Bokn skule 28.11.14

Eks-Utsira-ordførar og tidlegare rektor ved Bokn skule, Jarle Nilsen, held festtalen i den første nasjonaldagsfeiringa i Bokn Arena. 

Bilde: Jarle Nilsen på Bokn skule 28.11.14. Foto: JH

Sjølv om årets 17. mai-komité legg opp til eit tradisjonelt program, blir det ei stor forandring når feiringa nå blir flytta frå Bokn skule til fleirbrukshallen.

Feiringa blir flytta frå Bokn skule til Bokn Arena.

Sitteplassgaranti og fleksibilitet

Den største fordelen er at det er god plass til alle i Bokns nye storstove. Så nå slepp folk å gå ut av toget for å sikra seg plass framfor scenen. Fleire aktivitetar kan også flyttast inn, og fleire lag slepp å bruka mange timar på å setta opp telt ute. Luftgeværskytinga til Skyttarlaget flyttar frå sløydsalen til lageret ved squashhallen.

Hallen i Bokn Arena blir møblert slik han blei på opningsdagen 1. oktober i fjor, med det nordlege feltet avsett til ulike aktivitetar og bord og stolar i midtfeltet og feltet framfor scenen. Ved ev. ruskevér kan mange leikar nå vera inne. Kanskje blir det gjensyn med nokre av aktivitetane frå den suksessrike opningsdagen, og kanskje blir nye tradisjonar skapte?

17. mai 2016

Frå Alvestadkroken til Bokn Arena

Komitéen vil gjenta fjorårets trivelege og maritime start frå sjøhuset til Lars Magnus Alvestad, med kapproing, frukost og togstart. Togruta til Boknatun blir lik som i fjor, men etter korpskonserten framfor sjukestova går toget vidare ned til fyrlykta i Føresvik og opp til Bokn Arena.

Oppfordringa til 17. mai er klar:

Slapp av og ta toget heile vegen til Bokn Arena med sitteplassgaranti!

Endeleg 17. mai-program kjem seinare.