Irsk besøk

Jardar Havikbotn Andrea Rice Band hadde konsertar på Bokn 4. og 5. juli.

Kulturkontoret hadde sørga for at den irske artisten la inn eit Bokn-stopp på sommarturnéen sin, og med «huset på ryggen» (bubil) kom dei frå Sørlandet til den store parkeringsplassen ved kyrkja, der dei hadde konsert om kvelden 4. juli. Morgonen etter fekk Dagsenteret og Sjukestova høyra vakre irske folkesonger og livlige folketonar, før dei reiste vidare til Halsnøy.

Folkeleg formidlingsglede

Andrea Rice i aksjon med harpa. Jardar Havikbotn Kyrkjekonserten, kor underteikna ikkje var til stades, samla 27 tilhøyrarar. Ferietida får ta skulda for at det ikkje blei fleire. Dei som var der fekk med seg ei vakker stund (1 t og 45 min.) med folkeleg formidlingsglede, som blei sett stor pris på. Artistane og tilretteleggaren deira, Øystein Kjerpeseth, hadde ikkje opplevd før at publikummet kom og handhelste og takka for konserten. Det sette dei stor pris på.

I daglegstova i omsorgsbustad-avdelinga på Boknatun framførte dei musikken akustisk (utan forsterkarar og mikrofonar), noko som var midt i blinken for minikonserten. Her viste Andrea Rice stor stemmeprakt i høgdepunktet «Danny Boy/Londonderry Air». Det var også allsong på kjente songar som «My Bonnie Lies Over The Ocean» og «It’s A Long Way To Tipperary». Spesielt vakkert blei det då ho akkompagnerte seg sjølv på irsk harpe.

Med seg hadde ho ektemannen Fee Dobbin, kontrabass og Bodhrán (irsk tromme), og dottera Aoife Dobbin på fele og Bodhrán.