Innskriving av elevar

Hovudinngangen på skulen - Klikk for stort bilete

Velkomen til innskriving for 1. kl. 2017/2018 på Bokn skule fredag 28. april kl. 09.00.

Alle barn i Bokn som er fødde i 2011 eller før, og som ikkje har byrja i skulen, skal etter §2-1 i Opplæringslova skrivast inn.

Publisert av Annette Bokneberg. Sist endra 10.03.2017

Det kan innvilgast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Likeeins er det høve til å søkje om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2017. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

Søknadsfrist for begge er 15. mai 2017.

Det vert sendt ut innbyding til kvar elev med fleire opplysningar om innskrivingsdagen.

Velkomen til Bokn skule!

 

Med helsing

Wenche Havikbotn

rektor

Login for redigering