Ikkje gangfelt ved Bokn Arena

Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Kriteria for å laga gangfelt på Føresvikvegen er ikkje oppfylte. Derfor er det ikkje etablert gangfelt her.

Bilde: Johnny Kousgaard Pedersen og Dennis Smilden frå Statens vegvesen ved landbruksavkøyringa framfor krysset Føresvikvegen/Boknatunvegen. Lenger nord er fortauet seinka på begge sider av vegen. Der får du den tryggaste kryssinga av vegen.

Under eit befaringsmøte, minte Johnny Kousgaard Pedersen ved Plan- og forvaltningsseksjonen ved Statens vegvesen i Haugesund, om at eit gangfelt ikkje er eit trafikksikringtiltak, men eit framkommelegheitstiltak. I første rekke brukar Vegvesenet gangfelt når det er punkt langs vegen der det er dokumentert eit stort behov for å kryssa vegen samtidig som trafikkmengda er stor.

- Trafikkmengda her er ca. 800 køyretøy pr. døgn. Skal me vurdera eit gangfelt her trengst det at over 40 personar har behov for å kryssa vegen i makstimen. Det er neppe tilfelle her og det vil derfor ikkje bli etablert gangfelt, fortel Pedersen.

Nedsenkte fortauskantar

I samband med at kommunen ønsker innspel til trafikksikringstiltak, er fleire boknarar opptekne av fotgjengarovergangen ved Bokn Arena, og enkelte hevdar at eit gangfelt vil sikra at gåande ikkje velger å gå tvers gjennom krysset Boknatunvegen/Boknatunvegen.

- Det har me lite tru på, seier Pedersen. Gåande vil alltid velga den kortaste og sikraste ruta. Her er det lite trafikk og god sikt i alle retningar.

Under befaringa ringte skuleklokka og me fekk sjå korleis skulebarna kryssa vegen/vegane. På kort tid var me vitne til tre ulike kryssingar. Folka frå Vegvesenet var sjølvsagt mest begeistra for kryssing der fortauskantane var nedsenkte på begge sider av vegen, på nordsida av sjølve krysset. Andre kryssa begge vegane på skrå, og nokon kryssa først Boknatunvegen før dei gjekk over til fortauet langs Føresvikvegen.

Kryss rett over

- Nedsenka kantstein lagar me for å gjera kryssingen universell, dvs. rullestolbrukarar og folk som er dårlege til beins kan kryssa her. Det er også lov å kryssa vegen utanom staden med nedsenka kantstein, men ein bør kryssa vegen rett over og ikkje gå på tvers over køyreebanen/krysset, fortel Pedersen.

I trafikkreglane, § 19 pkt 2 står det: «Gående skal krysse kjørebanen i gangfelt, på gangbru eller i gangtunnel når det finnes i nærheten. Ellers skal gående gå rett over kjørebanen og fortrinnsvis ved vegkryss. Før kryssing av kjørebanen utenfor gangfelt skal gående forvisse seg om at det ikke volder fare for eller unødig hindrer eller forstyrrer annen trafikant». 

Det er ein god og trafikksikker regel at det er dei gåande som skal vike for bilen, for det betyr at den gåande sjølv må ta ansvar før han/hun trør ut i køyrebanen. Pedersen nemner også at det er svært få trafikkulykker der gåande barn er involverte, og avsluttar med denne oppfordringa:

- Foreldre kan gjerne innprenta ungane sine korleis dei skal kryssa ein veg; sjå til venstre-sjå til høyre-sjå til venstre og om det ikkje er bilar - gå rett over vegen.