Hugs hundepose - og bandtvang

Teknisk seksjon finn ein del hundebæsj når grøntområda rundt Boknatun og fotballbanen skal klippast, og oppfordrar hundeeigarar å plukka opp ekskrementa når dei går tur med hunden.

Om det er lause hundar som er orsaka til problemet, er det på sin plass å minna om bandtvangen. Det blir rapportert om mykje meir hundeskit i år enn tidlegare år, og nokon kan heilt sikkert gjera ein innsats for å få det betre.