Høg aktivitet på Kårstø

Kårstø sett frå Boknafjellet.

I samband med planlagt revisjonsstans, kor heile anlegget blir tatt ned for vedlikehald på Kårstø, vil det i perioden 27. august til 15. september vera eit høgare aktivitetsnivå enn normalt. 

Direktør ved Kårstø Prosessanlegg, John Høines, fortel at sjølve arbeidsperioden er frå 1. til 10. september. Då vil det vera meir folk på arbeid og trafikken til og frå anlegget vil auka.

Fire av fem fakkeltoppar skal skiftast ut i løpet av stansperioden, og det vil bli høg helikopteraktivitet rundt faklane. Det vil også vera ein del ekstra fakling i løpet av revisjonsstansen.

Ev. spørsmål kan rettast til kommunikasjonsleiar Ove Tungesvik, tlf. 90040444 eller mail ovtu@statoil.com