Haugalandmuseet AS

Klikk for stort bilete20 tilsette i Haugalandmuseet gler seg til å ta fatt på viktige oppgåver.Det er Haugesund kommune, Tysvær kommune, Vindafjord kommune, Bokn kommune og Utsira kommune som eig det nye regionmuseet i Nord-Rogaland.

Sju museer blir slått saman i eitt eigar- og driftsselskap. Dette er Karmsund folkemuseum, Haugesund Billedgalleri, Hiltahuset Røvær, Arquebus krigshistorisk museum, Nedstrand bygdemuseum, Vindafjordmuseet og Bokn bygdemuseum.

Museumsdirektør Mads Ramstad fortel at det nye regionmuseet skal vera blant dei fremste kysthistoriske institusjonar i landet og gi kunnskap og oppleving om kunst- og kulturhistorie. Haugalandmuseet forvaltar, forskar på og formidlar materiell og immateriell kultur og er ei viktig kompetansebedrift.

Ny logo

Klikk for stort bileteLogoen og den visuelle identiteten blei utforma med utgangspunkt i oppleving, levande historie og kunnskap. Logoen symboliserer mangfald, og underbygger at sju museer har blitt eitt.

Ny heimeside

Heimesida er laga for å presentera alle arrangement og aktivitetar på same stad. Heimesida gir ei god oversikt over alle avdelingane, og det er lagt vekt på grafisk utforming etter Difi’s retningslinjer. 

Museet er også på Facebook.