Gratulerer med ny kontrakt!

Ordførar Osmund Våga gratulerer Sales Manager Fredrik Faye i HighComp med kontrakten. Elise Eide Arnesen HighComp fekk nyleg ein kontrakt på over 100 millionar for bygging av tankar til landbasert oppdrett.

Sales Manager Fredrik Faye i HighComp opplyser at mesteparten av byggingen vil skje i Bokn. Tankane blir bygde i modular og sende med båt til Andøya i Nordland.

Arbeidet vil gå føre seg i rundt tre år og føra til behov for både fleire arbeidarar og meir plass. Rundt 20 tilsette vil jobba med dette prosjektet. HighComp starta nytilsettingar i november. Talet på tilsette er tredobla dei siste månadene.

Positivt

I tillegg til operatørar, bemannar bedrifta også opp innan markedsføring, engineering, planlegging og dokumentasjon.

- Dette er veldig positivt for Bokn, me treng fleire arbeidsplassar, seier ordførar Osmund Våga.

Når det gjeld lokale har HighComp nå måtta utvida med å leiga lokale av Bokn Plast, i tillegg til sine eigne. Arealbehovet kan bli endå større dei neste månadene.

Teknologiutvikling

Fredrik Faye fortel at HighComp i Bokn arbeider mykje med landbasert oppdrett, både i Noreg og utlandet. Her har det vore ei stor teknologisk utvikling. Landanlegga blir større og resirkuleringsteknologien bidrar til at anlegg blir planlagde og bygde på stader ein for kort tid sidan trudde var heilt utenkeleg.

HighComp fokuserer nå mykje på teknologiutvikling saman med kundene, og driv nå aktiv markedsføring av produkta både innan- og utanlands.  

Me ønsker dei lykke til vidare.