Godt nytt!

Klikk for stort bileteVekst i innbyggartalet. Kommunebarometeret 2019. Bokn Arena-klatrepark (Bilde - skisse: uniqa.no).


Av Jan Erik Nygaard

Vekst i innbyggartalet i Bokn i 2019

Innbyggartalet i Bokn kommune har auka med 15 personar frå 1. januar 2019 og fram til i dag (849 stk.). Dette er ei vekst på heile 1,8 %. Av kommunane på Haugalandet elles har Haugesund ei vekst på 0,16 %, Tysvær 0,26 %, Karmøy 0,05 % og Sveio 0,35 %. Utsira, Suldal og Vindafjord har alle ei negativ folketalsutvikling.

Kommunebarometeret 2019

Den endelege plasseringa på totaltabellen på kommunebarometeret i 2019 - justert for økonomiske føresetnader - viser at Bokn er nr. 120 av landets 421 kommunar og nr. 7 i forhold til kommunane i Rogaland.

Bokn Arena-klatrepark

Bokn kommune har fått tilsagn om kr. 500.000,- frå Sparebankstiftelsen SR-BANK og kr. 300.000,- frå Rogaland Fylkeskommune til etablering av ein klatrepark ved Bokn Arena. Arbeidet med bygging av klatreparken vil starta opp over ferien.