Gode rekneskapstal

kommunevåpenetForeløpig rekneskap for Bokn kommune for 2016 er gjort opp med eit netto driftsresultat på 5,2 millionar kroner.

Av Jan Erik Nygaard

Det tilsvarar heile 5,2 prosent av brutto driftsinntekter. I budsjettet var det lagt opp til eit resultat på 2,4 prosent. Resultatet for 2016 er blant dei beste rekneskapsresultata som nokon gong er framlagde i Bokn.

I 2015 var netto driftsresultat 0 og brutto driftsresultat minus 2,57 millionar kroner.  

Netto driftsresultat er den viktigaste «temperaturmålaren» på kommuneøkonomien. Frå sentralt hald blir kommunane anbefalte å ha ein margin på 1,75 prosent for å sikre ei sunn økonomisk drift.

Eigedomsskatt og budsjettkontroll

Det gode resultatet for 2016 kan delvis tilskrivast auke i inntekter (eigedomsskatt), men i første rekke har det vore eit resultat av godt arbeid og god budsjettkontroll i seksjonane. Eg vil rette ein stor takk til alle kommunalt tilsette som med sin arbeidsinnsats har vore med på å skape det gode resultatet i 2016.

Jan Erik Nygaard
Rådmann Bokn kommune