Gla`trimmen

glatrimmen.jpgEndeleg var vi samla igjen: Gla`trimmen – for deg, deg og deg – og meg…! 

For, jammen stilte dei i dag også, dei tøffe damene på Bokn. Redde for glatta? Ikke dei, nei. Ikkje ein plass.

Og med dette inviterer vi nok ein gong «gamle» og nye til å bli med på ei aktivitetsøkt i gymsalen på skulen på Bokn torsdagar mellom klokka 10.45 og 11.35.

Som nemnd i tidlegare innlegg: Gla `trimmen held stand –med det same humøret, med den same viljen. Vi meiner alle at vi er i balanse; vi viser kontinuitet. Det skulle då forresten berre mangle med så mykje balansetrening på programmet.

Eit nytt år gjev nye moglegheiter; i år som i fjor og som året før året før året det heile starta. Den siste tida har vi spesielt fokusert på å vere bevisste på betydninga av sterk kjernemuskulatur. Sterk kjernemuskulatur gjer godt på så mange, helsemessige vis. Er du redd glatta, så vil ein sterk kjernemuskulatur kanskje vere det som gjer at du ikkje bryt deg aldeles sund skulle du vere så uheldig å ramle på isen. Vi har sågar, når det gjeld nettopp glatta, tatt opp temaet «Fallteknikk», sjå link for video dersom du er ein av dei som gjerne skulle vite meir om nettopp dette.

http://www.nrk.no/ostlandssendingen/frykter-du-glatta_-slik-faller-du-smartere-1.12174989

Det er ikkje til å koma frå at det varmer eit instruktør- hjarte når ein frå salen høyrer: «Eg vert stadig oppmerksam på musklar eg ikkje visste at eg hadde…. ..» og «Eg har ikkje vondt lenger – takka vere trimmen!»

Bli med du også; kanskje vil også du kjenne forbedringar på ulikt vis. Det viktigaste av alt: Du vil få ta del i eit fellesskap som styrkjer både kjerne – og hjartemuskulatur; DEN kombinasjonen er uslåeleg.