Fugleinfluensa-prøvar

Logo Mattilsynet

Mattilsynet oppfordrar folk som ferdast langs sjø og vatn og våtmarksområde om å informera Mattilsynet viss dei gjer funn av sjuke eller døde fuglar. Fugleinfluensaen som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneske, men er dødeleg for både ville og tamme fuglar.

Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er høg risiko for at trekkfuglane kan bera med seg smitte til Noreg. Det er viktig for Mattilsynet å oppdaga eventuell fugleinfluensasmitte til landet så tidleg som muleg. Mattilsynet vil derfor intensivera overvåkningen av villfugl.

Registrering

Dersom du har fjørfe og/eller andre fuglar i fangenskap (ikkje burfuglar innandørs), må du hugsa på å registrera fjørfehaldet ditt hos Mattilsynet. 

Få meir info her (PDF, 199 kB).