Friluftsveke og Fiskesprell i Bokn barnehage

Avslutning på friluftsveke i Bokn barnehage. - Klikk for stort bilete Barnehagen si friluftsveke i veke 16 fekk ei smakfull avslutning.

Av Marit Elin Våge

Heldige oss i Bokn barnehage som fekk sponsa laks av Grieg Seafood Bokn! I veke 16 hadde me friluftsveke og som avslutning på den steikte me laks som me åt utandørs.

Som tilbehør kunne borna velge pasta, woka grønnsaker, mais og agurk. Me blei positivt overraska over at så mange born ville smaka. Det blei rett og slett tomt på laksefatet! Veldig kjekt for store og små.