Framleis stengt for utleige

Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Allrommet på Boknatun har sidan 30. april i fjor vore stengt for utleige. Det blir det i nokre månader til.

Bilde pr. 3. januar: Allrommet på Boknatun er framleis ein lagringsplass.

Ombygginga av sjukestova, som er grunnen til at rommet må nyttast som lagringsplass, er forseinka. Slik det ser ut nå, skal rommet vera klart for utleige igjen i mars. Det vil koma ny informasjon om dette.

Leigetakarar av Allrommet på Boknatun kan ta kontakt med Lars S. Alvestad, tlf. 95253533 for å finna alternativ i Bokn Arena. For andre utleige-moglegheiter i kommunen, kontakt Jardar på kulturkontoret, tlf. 98221508.