Førehandsrøysting

Klikk for stort bileteFørehandsrøystinga føregår frå 12. august til 6. september 2019 i Servicetorget, Boknatun og i Bokn folkebibliotek.

Under førehandsrøystinga kan du røyste i hva som helst kommune i landet.

I heile førehandsrøysteperioda kan du røyste i Servicetorget, Boknatun, i opningstida på kvardagar dvs. frå kl. 09.00 til kl. 15.00.

I Bokn folkebibliotek kan du førehandsrøyste kvar måndag fram til og med 2. september frå kl. 16.00 til kl. 19.00.

Alle kan førehandsrøyste dersom dei ønskjer det, ein treng ikkje å ha ein spesiell grunn for å nytte seg av førehandsrøysteperioda.  Det er sjølvsagt viktig dersom du er bortreist/ute av kommunen på valdagen å få førehandsrøysta.

Korleis røyster du:

Hugs dette når du skal røyste!

Når du kjem inn i eit vallokale, blir du møtt av ein valmedarbeidar.  Valmedarbeidaren er der for å hjelpe hvis det er noko du lurer på. Når du er klar vil valmedarbeidaren vise deg til eit røysteavlukke.

1.	 Ta røystesetlane du vil bruke: ein for kommunestyrevalet og ein for fylkestingsvalet. I Oslo er det ikkje fylkestingsval. 2. Gjer eventuelle endringar på røystesetlane. Rettleiing står på røystesetelen. 3. Brett kvar av røystesetlane med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røyster. Det skal ikkje vere konvolutt eller anna omslag rundt røystesetlane. 4. Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av røystesetlane. Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjende. 5. Legg dei stempla røystesetlane i valurna. - Klikk for stort bilete