Flott nasjonaldagsfeiring

17. mai 2018 går over i historien som solrik, vindfull, mykje folk i ein vakkert pynta Bokn Arena, og god stemning og aktivitet i toget, leia av eit stort korps som bokstavleg talt slo på stortromma.

Forvaltningsstyret var årets 17. mai-komite: Fv. Per Helge Sunde, June Grønnestad, Jørgen Thuestad, Emilie Moi Eikje og Daghild G. Alvestad. Roar Medhaug og Kjetil Vatnaland var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Stor slagverkgruppe: fv. Odd Grønnestad, Egil Ognøy, Annstein Vik, Wolfgang B. Ognøy, Konrad Nilssen, Tomas Alvestad, Eskil Bokneberg og Sofie Øvrebø Bianca Alvestad I år er det nemleg «Musikkorpsenes år» i samband med at Norges Musikkorps Forbund er 100 år i 2018. Bokn musikkorps hadde fått med seg 13 tidlegare medlemmer. Fleire av desse var trommeslagarar og heile to rekker i korpset blei fylt opp med slagverkinstrument. I tillegg slo Venevil Birkelund og fleire aspirantar på ulike rytmeinstrument under togreisa. Dirigent Lillian Grønnestad var svært nøgd med eit hovudkorps på 41 stk. + aspirantar. Ein stilig inngang til både kyrkja og Bokn Arena var også øvd inn, noko ein håpar er komen for å bli.

Stort engasjement

17. mai-komiteen ønska mykje liv i toget, og trefte godt med å varsla om premie til beste innslag gjennom heile togruta. Dei som konkurrerte om gåvekortet på 1.000 kr. var barnehagen, småskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Ein «dommar» gjekk midt i toget og registrerte engasjementet, og til slutt stod det mellom småskulen og mellomtrinnet. Det som blei avgjerande var at i småskulen var alle elevane med til siste stoppestad. Dette var nemleg eit krav for å kunna vinna. Småskulen kan venta seg ei overrasking ein av dei kommande skuledagane.

Gode tradisjonar

Karmøy-ordførar Jarle Nilsen held festtale Jardar Havikbotn I Bokn Arena batt komiteleiar Emilie Moi Eikje saman eit program etter tradisjonelt oppsett. Årets appell var ved Marte Alvestad og Torbjørn Berge Christiansen. Karmøy-ordførar Jarle Nilsen heldt ein god og inkluderande festtale. Tautrekking, der Formannskapet vann 3-0 over Forvaltningsstyret, Taekwondo-oppvisning og dans stod også blant dei organiserte aktivitetane i programmet. I danseinnslaget dansa m.a. undommane saman med seniorane, noko som var veldig populært.

Årets komite er godt nøgde med nasjonaldagsfeiringa og vil takka alle samarbeidspartnarane som bidrog til ein fin dag.

Album

Det skal lagast bildealbum frå årets feiring. Send gjerne inn bilder og ev. videoklipp til kulturkontoret.