Fleirbrukshallen tar form

 Bokn fleirbrukshall vil stå klar til hausten.Fleirbrukshallen tar form

10. februar fekk underteikna ei lita omvising på byggeplassen av folk frå Haaland & Thuestad og Bjørn Løvland i Bokn kommune. Mykje ver tidlegare i vinter har forseinka arbeidet med nokre veker, men dette kan fort snu. Pr. i dag ligg det an til at opninga blir i september.

Er du ein av dei som lurar på kor høg hallen blir og om murbygget skal sjå slik ut? Svaret er at han ikkje vil bli høgare enn det du ser i dag, og bygget skal målast.

I squash-hallen: fh. byggeleiar i Bokn kommune, Bjørn Løvland, byggeleiar i Haaland & Thuestad, Kenneth Li og byggeplassansvarleg Asbjørn Udstuen. Hallen er heile 25 x 51 meter. Det nye allrommet vil få glasveggar mot nord og aust og få nydeleg utsikt. Taket er klart for isolering.
 

Bilder (klikk på dei for å få dei større):

 
Frå venstre:
 
1. I SQUASH-HALLEN: fh. byggeleiar i Bokn kommune, Bjørn Løvland, byggeleiar i Haaland & Thuestad, Kenneth Li og byggeplassansvarleg Asbjørn Udstuen.
 
2. Hallen er heile 25 x 51 meter.
 
3. Det nye allrommet vil få glasveggar mot nord og aust og få nydeleg utsikt.
 
4. Taket er klart for isolering.