Fekk TV av Saniteten

Sanitetsgåve til sjukestova.jpgTidleg i haust fekk Bokn sjukestove fjernsyn av Bokn sanitetsforening. 

Bilde: Fornøgde framfor TV'en - fv. Inger Sønnøve Bokneberg, Grethe E. Heimvik og assisterande einingsleiar Sonja Mikkelsen.

Einingsleiar pleie og omsorg, Grethe E. Heimvik, fortel at dei ønska seg nytt TV til bebuarane og hadde fått tips om å søka Saniteten om pengar. Foreninga har tidlegare bidratt med ulike ting til sjukestova.

Saniteten svarte positivt berre nokre veker etter at dei søkte, og rett etter sommarferien kom dei og monterte opp eit stort og moderne apparat. Inger Sønnøve Bokneberg frå foreninga hadde organisert det heile.

Bebuarane brukar TV’en mykje, særleg om ettermiddagane og kveldane.

- Eg trur at alle set pris på både større skjerm, og muligheten for å kobla på ipaden, avsluttar ein nøgd einingsleiar.