Fasteaksjonen

Klikk for stort bilete Ta godt i mot konfirmantane mellom 16.30 og 18.00 tysdag 9. april.

Klikk for stort bilete Av Jan Magne Moi

Tysdag 9. april kjem konfirmantane rundt på dørene for å samle inn pengar til fasteaksjonen.

Viss du har VIPPS, kan du nytte #88450 Bokn kyrkje. Då vil pengane bli registrert på Bokn. Du kan også VIPPSE direkte til aksjonen: 2426 merk «gåve»

(Kjekt om du sender VIPPS slik at konfirmantane ser det når dei kjem rundt 😊 )

Kva går pengane til?

Tema for Fasteaksjonen 2019 er Kirkens Nødhjelps arbeid med vatn og sanitær i utsette område omkring i verda. Alle er avhengig av reint vatn. Difor er dette satsingsområdet livsviktig for så mange.

Jan Magne Moi
   kyrkjeverja