Arbeidstidsendring

Klikk for stort bileteHåklepptunellen Jardar Havikbotn Me minner om at det frå kommande helg skal jobbast sju dagar i veka i E39 Håklepptunnelen. 

I siste info frå Vegvesenet (05.12.19) har me fått opplyst følgande:

Det skal nå arbeidast kvar natt, til prosjektet tar juleferie sundag 22. desember kl. 06:00.

Arbeidet startar opp igjen måndag 6. januar kl. 20:00, og held fram sju netter i veka til veke 7.

Deretter blir det igjen arbeid fire netter i veka fram til tunnelen skal vera ferdig opprusta sommaren 2020.

Følg med på trafikkmeldingane på www.175.no for oppdaterte stengetider. Skriv då Håklepp i søkeruta og klikk/trykk på trekanten med utropsteiknet for å få opp informasjonen.

Bakgrunn