Eit reinare Bokn

Det er eit stort engasjement for å få eit reinare Bokn. På laurdag er det strandryddedag.

Egil Ognøy i nedlessa båt under Strandryddedagen 2017. Åse Vatnaland Me er inne i den nasjonale Strandryddeuka 2018. Fleire boknarar har allereie gjort ein flott innsats for å få det finare i nærmiljøet sitt, og for å vera med og kjempa mot ein global miljøkatastrofe.

Janne Elisabeth Ytreland fortel om søppelplukking på Tåganes. Magne J. Ognøy og Adrian Hesthammer har vore på Svartøynå. Ein kan få sekkar og hanskar på kulturkontoret. Er du ute og hentar boss, send gjerne bilde og tekst til strandryddedag-arrangementet i Bokn 2018.

Det nyttar!

I fjor rydda Føresvik Velforening i Føresvik indre hamn i samband med Strandryddedagen, og i førre veke tok Torny Rossebø og Nina Alvestad same runden. Dei kunne melda om mykje mindre avfall enn for eit år sidan!

Hytteeigar i Loten, Sigleiv Green-Våga, tok med familien og samla søppel i Regavigå i helga. Han fortel at barna syntest det var topp å bidra. Og ikkje minst kjem det melding frå Grieg Seafood på Trosnavåg at dei vil rydda nettopp Trosnavågen for marint avfall på laurdag.

Alle kan rydda litt

Folk melder også om at dei vil vera med på årets strandryddedag. Både Bokn KFUK/KFUM, Bokn Senterungdom, Bokn Fiskarlag og Bokn kommune vil ha eigne område. Dei som møter opp i Bokn Arena kl. 11:00 vil bli plasserte på utvalde område. Det går sjølvsagt også an å velja seg eit område på eige initiativ, enten langs sjøen eller inne på land.

Barnehagen skal seinare i mnd. rydda på Alvestad nærmiljøanlegg. Skulen skal plukka langs togruta til 17. mai (Alvestadkroken-Bokn Arena via kyrkja og Boknatun).

Meir om Strandryddedagen 2018 kjem i morgon, torsdag. 

Les også:

Strandrydding