Ein ordførar ser tilbake

Ordførar Tormod Våga på sin siste arbeidsdag, 15.10.19 Jardar Havikbotn På sin siste arbeidsdag, 15. oktober, summerte Tormod Våga opp dei fire siste politiske åra som ordførar.

Tormod (49 år - same dag som intervjuet!) har 12 år bak seg i lokalpolitikken. I alle periodane har han vore med i formannskapet. Tidleg i samtalen understreka han at han har hatt det utruleg kjekt.

- Særleg dei fire siste åra har vore heilt fantastiske. Eg hadde aldri sagt opp viss det var ei oppseieleg stilling, men ved valet må ein ta stilling til fire nye år, smiler han.

Kvifor gir du deg i politikken då?

- Eg tykkjer det er greit å gi seg nå. Fint at andre overtar, eg trur det er sunt å bytta litt i politikken.

Gir seg på topp

Det er ein særs nøgd ordførar som gir seg, og dei fire siste åra vil han hugsa tilbake på med stor glede.

- Me har fått til alt me hadde sett oss som mål. Me har gjennomført alt som stod i partiprogramma, det tykkje eg e jyseligt kjekt! Og det som ikkje er gjennomført er under planlegging.

Fv. rådmann Jan Erik Nygaard, ordførar Tormod Våga og varaordførar Lars Sigmund Alvestad på avslutningsmiddag for kommunestyret, 01.10.19 Daghild G. Alvestad Tormod understreker at det har vore eit veldig godt samarbeid mellom samarbeidspartia. I kommunestyret har det vore eit godt samhald og ein god tone. Spesielt trekker han fram det gode samarbeidet mellom han, varaordførar Lars Sigmund Alvestad og rådmann Jan Erik Nygaard.

- Eg har gleda meg til kvar ein einaste dag, det har berre vore heilt fantastisk.

Sjølv om den tidlegare ordføraren gir seg i politikken, har han ikkje tenkt å gi seg med å vera med og utvikla Bokn, men han fortel at han kanskje skal gjera det på andre måtar enn å vera ordførar. Han har stort engasjement for Bokn og likar å halda på i kommunen, både med husbygging i Nibe og det han er med på på fritida – det stortrivst han med. Tormod nemner det er god fart på folketalsutviklinga, men trur det er behov for at fleire bustadfelt rundt i heile Bokn blir utvikla og at folk har plassar å slå seg ned. Han ønsker at heile Bokn ska takast i bruk.

Inkludering, samarbeid og dialog

Tormod meiner kommunestyreperioden har vore harmonisk.

- Me har passa på at alle har vore inviterte med på alt heile vegen, og eg trur at det i denne perioden har vore eit genuint ønske om å få ting til. Ein har vore sitt ansvar bevisst i heile kommunestyret og fokusert på at ein skulle framover heile vegen. Det har nok gjort at ting har glidd på skinner. Gjennom m.a. gruppeleiarmøte har me fulgt kursen og ingen har vingla. Dei store sakene har alle partia vore samde om i perioden, fortel han, og håpar at inkluderinga også held fram i det nye kommunestyret.

Han har også jobba 80% i jobben sin i Kystverket i ordførarperioden, og føler han har greidd å bruka Kystverk-jobben til fordel for Bokn kommune. Han nemner at på fleire område kryssar ordførarjobben og jobben som tilsett i Kystverket ein annan. Ved kontakt med offentlege etatar, fylkesmann og andre. Han trekker fram minister- og stortingsrepresentantsbesøk, som ved besøk i Kystverket også har fått besøk og høyrt om Bokn kommune.

Misfornøgd med noko?

- I grunnen ikkje, men det er ting me kunne kome enno lenger med, som tar for lang tid. Det har t.d. gått for seint med næringsområdet i Knarholmen, som blei stoppa av Vegvesenet med ny E39. Dette er eks-ordføraren litt irritert over.

Tormod seier dei har vore raske å løysa utfordringar, som har dukka opp i heile perioden.

- Me har hatt gode og dyktige folk på prosjekt. Me har hatt eit godt samarbeid med andre, som t.d. i avtalen om bruk av Rogfast-masse. Dette har tatt tid, men me har jobba godt med det heile vegen, og eg tykkjer me har landa det på ein fantastisk måte, med nytt sentrum og bruksutvikling i Føresvik.

49-åringen er også særdeles godt nøgd med at dei landa avtale og fekk finansiert nytt vassverk, og korleis dei løyste utfordringane med den nye vegen til det nye vassverket og til Trosnavåg – då dei klarte å utvida vegen utan midlar og reguleringsplan.

Les også

Vegutbetring og vassrøyrlegging

Tormod er også innom det desidert tristaste som skjedde i ordførarperioden hans, og den vanskelege tida då to sambygdingar drukna i oktober 2018.

Bokn Arena Event

Etter at Bokn Arena opna 1. oktober 2016, følte ordførar og varaordførar eit ekstra ansvar for å skapa aktivitet i bygget. Dei håpa andre tok den ballen, men for at det skulle skje noko, starta dei opp Bokn Arena Event.

- Me håpar at aktiviteten i hallen held fram, men at fleire lag og organisasjonar kjem på banen og arrangerer ting. Me har hatt vårt konsept, og det hadde vore fint viss andre kunne utvikla andre konsept, eller tar over enkelte oppgåver på våre arrangement, kjem det frå ein som også håpar at arrangørane av Sommarmarknaden kjem på banen igjen.

- Bokn Arena Event har forresten ikkje noko å gjera med den politiske perioden som har gått, som fleire trur. Det var eit genuint ønske, eit engasjement om å skapa aktivitet som gjorde at me drog i gong laget, seier Tormod.

Strålande framtid

Den tidlegare ordføraren er heilt sikker på at  Bokn har ei strålande framtid føre seg.

- Bokn ligg på topp i mykje; me har den beste folketalsutviklinga, og me har hatt kjempedriftsoverskot dei siste tre åra. Som i alle andre kommunar har me tronge budsjett, men me har mange flinke folk i Bokn, fantastisk flinke tilsette og fantastisk flinke innbyggarar. Er det noko som kjenneteiknar boknarane, synest eg, så er det at dei er utruleg flinke folk til å få til det dei vil – alt dette gjer at Bokn har ei lysande framtid.

- Å vera eigen kommune kan me vera inn i all framtid. Det er boknarane sjølve som bestemmer kor lenge dei vil vera eigen kommune, og det trur eg boknarane vil vera i framtida, avsluttar han.

Takk for innsatsen, Tormod!