Digitalisert postutsending

Digipost-logo - Klikk for stort bilete

Som innbyggar i Bokn kommune kan du nå ta i mot post i Altinn eller i digital postkasse, Digipost eller e-Boks.

Publisert av Stein Magnar Askeland-Gjerde. Sist endra 14.02.2018

Hovudårsaka til dette er at kommunen ønsker at innbyggarane skal få levert post frå kommunen så sikkert og raskt som råd er. I tillegg er dette ei ordning som sparar kommunen for store kostnadar til porto og manuell handsaming av utsending av post. 

Staten ønsker å digitalisere kommuane, sjå informasjonsfilm om sikker digital post (SPD).

I Bokn kommune er det om lag 31 % som i dag brukar sikker digital post. Dersom du ikkje allereie har byrja å bruke digital postkasse vil me på det sterkaste oppmoda deg om å vurdere å gjere dette. Du kan lese meir om SPD, her.

Login for redigering