Deponiet ved Knarholmen

Klikk for stort bileteMassedeponiet sett frå lufta 29. mars 2019. Armand Svendsen Mange lurer på kva det veksande massedeponiet mellom E39 og Knarholmen skal brukast til.

Svein Tore Drevsjø i Prosjekt E39 Rogfast seier at det er mellomlagring av stein som seinare skal brukast til å fullføra prosjektet.

- Stein kjem til å bli knust og nytta i vegbygging, både i tunnelen og ute i dagen. Me treng store mengder stein til vegoppbygging i tunnelane, samt bygging av nye kryss i Knarholmen og på Austre Bokn. Massedeponiet vil også fungera som lagerplass og riggområde for entreprenøren som skal i gong på hovudkontrakten frå Bokn-sida, fortel Svein Tore Drevsjø i Statens vegvesen.

 I dag er deponiet ca. 47 000 m2 stort, og omfattar ca. 270 000 m3 stein og 50 000 m3 med myrjord.