Dansesamarbeid

Unge og eldre i Foxtrot-dans frå scenen. - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn 8. mai fekk 9. og 10. klasse på Bokn skule besøk av Bokn Seniordans i ein gymtime.

Foxtrot'en "Salty Dog Rag" runga ut over Hall-nord i Bokn Arena, og unge og eldre hender og bein svinga seg i takt med musikken. Under kyndig rettleiing av Seniordans-leiar Ingunn Are og gymlærar Anita Dagsland blei samarbeidet eit raskt faktum.

Bakgrunnen for dette flotte tiltaket, der unge og eldre bokstaveleg talt går hand i hand, er ein førespurnad frå årets 17. mai-komite. Resultatet kan du sjå på nasjonaldagen. I tillegg til at Bokn Seniordans også har si eiga avdeling, vil det bli ung energi i ein moderne, sjølvlaga dans. Gled deg til 17. mai!

Endeleg program for 17. mai-feiringa i Bokn kjem fredag 11. mai. 

Gymtime med Bokn Seniordans. | Fotograf: Jardar Havikbotn Unge og eldre hand i hand. | Fotograf: Jardar Havikbotn

Unge og eldre saman hand i hand.