Cirkus Agora til Bokn

Fredag 30. august kl. 18 blir det sirkus ved Bokn Arena.

Cirkus Agora feirer 30 års jubileum og har sett saman eit program som består av artistar frå øvste klasse - med imponerande luftakrobatikk og halsbrekkande stunt. Her blir det sirkusfest i to timar frå byrjing til slutt.

Sirkuset vil rigga seg til på jordet, rett aust for Bokn Arena. Harry Vågshaug seier at graset vil vera slått til den store dagen.

Praktiske opplysningar frå nettsida deira:

Barnebillett gjeld frå 2-14 år. Gratis for barn under 2 år. Vaksenbillett reknast frå fylte 14 år. Det er kortautomat i billettluka og i kiosken.

Dei som har ledsagarbevis (følgjekort) kan bruka dette. Tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Teltet opnar ca. 30 min. før førestilling.

Det er lov å ta bilder under førestillinga.