Bygdeboka i trykken!

Kultursoga for Bokn kjem i to band.

Endeleg kjem kultursoga for Bokn. Bøkene, som mange har venta på i fleire år, skal koma til Boknatun i neste veke. 

Årets julegåve

Forfattar Birger Lindanger er godt nøgd med at han snart kan halda verket i hendene, og at boknarane kan skaffa seg kulturhistoriebøkene nå når me snart går inn i julemånaden.

- Eg veit at mange har venta på henne etter at manuskriptet blei levert for over eit år sidan, seier historikaren.

1.240 sider

Ei viktig årsak til den lange ventetida er at kulturhistoria ikkje blei på 400 sider som først planlagt, men på 1.240 sider fordelt på to romslege band.

- Det kan høyrast mykje ut, men det kan nemnast at me i samband med dette arbeidet har gått gjennom om lag 20.000 dokument som grunnlag for denne historia. Ca. 15.000 av desse har me liggande digitalt, fortel Birger, og nemner at bøkene inneheld 600 illustrasjonar som er plukka ut blant 2.500 foto.

For at det skal bli lettare å finna fram, er det laga eit omfattande register i band 2, både over personar som er nemnde, stadnamn og saker som blir nemnde.

Korleis er Bokn blitt til?

Forfattaren fortel at tanken bak bøkene er å visa korleis bygda har grodd fram frå istida og til i dag. Dei skal visa kva rik historisk arv me har og er ei gåve til generasjonane som kjem etter oss. Han understreker at dette ikkje er eit einmannsverk.

- Utan iherdig innsats frå bygdeboknemnda, historielaget og boknarane generelt, ville ikkje bøkene ha blitt til, avsluttar Birger Lindanger, og legg beskjedent til at han håpar boknarane vil finna noko av interesse mellom permane.

80 øre pr. side

Kultursoga vil kosta kr. 1.000 (kr. 500 for kvart band, som sjølvsagt kan kjøpast kvar for seg), og folk med gåvekort kan bytta dette inn i bøker i servicetorget på Boknatun, når dei har kome til huset.

Bygdabladet kjem tilbake med meir info om boklansering og markering av denne store hendinga.