Buss til juleball

I samband med juleballet for ungdomsskulelevar i Aksdal 29.11, set Bokn kommune opp transport. Bussen går frå Føresvik kl. 18:30, med retur frå Tysværtunet kl. 24:00.

Tilbodet er gjort i stand gjennom Kolumbus si ordning «Hjem for en 50-lapp». Sjølv om ordninga, som skal gjera det enklera å delta på arrangement utafor kommunen og som har trafikktryggleik i fokus, gjeld heimtransport, har ordføraren ordna det slik at transporten gjeld begge vegar. Tur/retur vil då kosta kr. 100 - betaling på bussen.

Dei som ønsker å vera med, kan melda seg på med namn og hentepunkt til Annette Bokneberg på skulekontoret.

Invitasjon til 8. – 10. klasse

Gjennom kulturkontoret i Tysvær har ungdomsskuleelevane våre fått tilbod om å bli med på årets juleball i Aksdal! Billettar må kjøpast innan 22. november.

Kjøp billett her