Boknasprinten

Løypeoversikt_Boknasprinten

Bokn Sykkelklubb arrangerer terrengrittet Boknasprinten for første gong sundag 17. april.

Kerstin Larsen frå styret i sykkelklubben fortel at det meste nå er klart til Boknasprinten. Flott ver er bestilt og dei håpar på mykje folk, både i og langs løypene. Bokn skule er både start- og målområde, og ryttarane vil passera der to gonger. Det blir også kiosk ved skulen.

Klubben oppfordrar alle til å la bilen stå på sundag, og heller stå langs løypa og heia. Nødvendige løyver er innhenta og sykkelklubben ber dei som må ut og køyra visa aktsemd og følga instruksjonane frå vaktane. Det vil køyra bil med blinkande lys framfor dei raskaste ryttarane når dei er på vegane.

Ulike klassar

Kerstin Larsen fortel at klassen for dei yngste ikkje har kome med på plakaten. Dette er klasse 6-9 år med start kl. 10:30

Oversikt:
Klasse 6-9 år  Start kl. 10:30
Klasse 10-12 år Start kl. 11:15
Klasse 13-16 år Start kl. 11:30
Hovudritt (f.o.m. 17 år) Start kl. 13:00

 

Påmeldinga er open. Meir info her.