Boknarar i UKM

Kulturell ungdom frå Bokn og Tysvær. - Klikk for stort bilete Berit Merete Øvrebø

2. mars deltok to pianistar frå Bokn i UKM i Tysværtunet kulturhus. 

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 06.03.2018

Ole Johan Øvrebø (8. kl.) og Michelle Våga (10. kl.) var til stades der kor ung kultur møttest (UKM) første fredagen i mars (tidlegare stod bokstavane for Ungdommens Kulturmønstring). Bokn si lokale mønstring har nå vore saman med Tysvær sin i ei årrekke. Sist gong Bokn hadde deltakarar med i UKM var i 2016.

Øvingsmål

Ole Johan Øvrebø i aksjon i UKM 02.03.18. - Klikk for stort bileteOle Johan Øvrebø i aksjon i UKM 02.03.18. Berit Merete Øvrebø Saman med pianolæraren sin i Bokn kulturskule, Venevil Birkelund, hadde dei sett seg eit mål om å vera med på denne mønstringa, og det gjekk kjempeflott!

Ole Johan framførte Super Trouper av ABBA og Michelle spelte Preludium av Bach, som gjekk rett over i Romantic Pop Prelude av H.G Heumann - sistnemnde stykke er bygd på Preludium av Bach

Juryen sendte Michelle vidare til å representera Bokn på fylkesmønstringa i Tysværtunet Kulturhus 13.-15. april - lukke til!

Caps

Ole Johan, som også i år har spelt både på Parkert Piano i Storhall Karmøy og på Bokn sjukestove, spelar alltid med caps. Han fortel at yrket er bonde medan pianoet er hobby.