Boknakalenderen 2019

Boknakalendrar 2008-2018 - Klikk for stort bilete Nå kan du bestilla den tradisjonsrike Boknakalenderen, som første gong blei utgitt i 2008. Kalenderen inneheld både nye og gamle bilder frå Bokn, sistnemnde saman med eit historisk tema av Birger Lindanger. Sjølve kalendariet har store ruter som ein kan skriva i, og han eignar seg også godt som aktivitetskalender.

Minstetalet for å setta i gong produksjonen er 100 stk. Du kan bestilla nå, men ikkje vippsa før det blir kunngjort om kalenderen blir produsert eller ikkje.

Får du problem med bestillingsskjemaet under, tar du kontakt med kulturkontoret.

Bestillingsskjema

Boknakalenderen 2019 kostar kr. 100,- pr. stk. Folk som bur på Bokn kan henta kalenderen på Boknatun medio desember. Interesserte utafor kommunen får han tilsendt i posten. Du kan betala med Vipps eller faktura. Vel du faktura, blir denne utlevert/sendt i posten saman med kalenderen.

Bestillingsfrist: 1. november.







Felt merka med * må fyllast ut