Bli med på miljødugnad!

Ein gjeng med mykje energi! - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Ein gjeng med mykje energi ønsker velkommen til Strandryddedagen 2018.

Frå venstre: Audhild Sæbø (Bokn Røde Kors), Kjell Frode Lie (Bokn Røde Kors), Hilde Skeie (Bokn KFUK/KFUM-speidarar), Jørgen Nilssen (Bokn Senterungdom) og Elisa Skeie (Bokn Røde Kors).

Noko for meg?

Visste du at marin forsøpling kvart år fører til at det dør ein million sjøfugl og 100.000 marine pattedyr? I følge World Economic Forum vil det innan 2050 vera meir plast enn fisk i havet, viss det ikkje blir gjort noko. Svimlande 8 millionar tonn plast går årleg i sjøen. Over 80% av dette avfallet kjem frå landbaserte kjelder.

Havforkjemparar

Alle som ryddar langs kysten bidrar til kampen mot marin forsøpling, og fleire og fleire får augene opp og tar på seg "plastbrillene". Fokuset omkring Strandryddedagen i morgon er stort over heile landet, og "Hold Norge Rent" melder om rekordpågang og tomme lagre.

Alle kan gjera litt

Men me har nok sekkar og hanskar til alle som skal vera med i morgon, enten dei kjem til Idrettshuset frå kl. 11:00, eller dei møter opp ute på avtalt plass. Heldigvis er det meldt fint vèr.

Blant mange

Morgondagens nasjonale miljødugnad samlar tusenvis av frivillige. Noreg er også med i Nordisk strandryddedag, og ein blir ein av svært mange mot eit felles mål - bli med du også!

Til Idrettshuset

Arrangementet er flytta frå Bokn Arena til Idrettshuset.

Kjelde: «Hold Norge Rent»