Bildeutsmykking

Klikk for stort bileteDen nye flotte sjukeheimen i Bokn har nå blitt endå flottare.

Nå har nemleg alle dei 27 lokale bildene komne opp på veggane. Arbeidsgruppa i utsmykkingsprosjektet har bestått av Rannveig F. Øvrebø, Ingvild Håland og underteikna.

Bildene er m.a. plukka ut med mål om å setja i gong den gode samtalen. Tilbakemeldingane er svært positive, både frå bebuarar, besøkande og personal. Bildene vil få skilt med nokre ord om motiv og namn på fotograf.

Malcolm Palmer, som har vore sommarvikar ved teknisk seksjon i sju år, er meisteren bak det nøyaktige arbeidet det har vore med å henga opp alle bildene. Godt jobba!