Betre naboskap med måker

Fiskemåke Norsk Ornitologisk Forening I ein periode har måker omsorg for ungane sine og beskyttar dei mot farer, utan at det betyr at dei er «aggressive».

- Det er viktig å legga til rette for hekkande måker på stader der det ikkje er konfliktskapande, og beskytta leveområda deira. Dei fleste måkeartane er i tilbakegang, samtlege er totalfreda og 7 av 10 artar som hekkar i Noreg (inkludert Svalbard og Jan Mayen) er på Norsk raudliste. Dette fortel Jenny Rolness i Dyrenes Rett.

Ho seier at det også er viktig å ikkje problematisera mating av måker. Måkene er sett i ein vanskeleg situasjon, med næringsmangel på grunn av overfiske og klimaendring, i tillegg til miljøgifter, plastforsøpling og predasjon av mink i skjærgården mange stader. Dette bør føra til tiltak som kan betra situasjonen for måkene, i staden for å forverra han. 

Norsk Ornitologisk Forening har praktiske råd om korleis ein kan tilrettelegga for eit bedre naboskap med måker, til fordel for både måker og menneske, og kva for nokre førebyggende tiltak mot hekking som er lovlege og har effekt.