Før dei tok turen opp på Bokn vassverk, fortalde ein nøgd og smilande utviklingsminister at det nå var roleg og bra i hans parti, og at alt det som var i haust hadde dei lagt godt bak seg. Nå var det éin ting som gjaldt; å stå samla.
Innhaldsrikt møte
Ordførar Tormod Våga orienterte om den politiske situasjonen i Bokn, og alt det dei folkevalde hadde fått utretta i den fireårsperiden som har vore.
Samtalen dreide til slutt inn på vatn, men var først innom Bokn sin økonomi, kommunestruktur, innbyggjartalsutvikling, busetting, busstilbod, sentrumsutvikling, landbruk, kommuneplan, inntekter frå eigedom og oppdrettsnæring og Rogfast.
Etter befaringa på vassverket, saman med teknisk, gjekk ferda vidare til Haugesund for utviklingsministeren og følgjet hans.