Båtforliset

Kyrkja vil vera open til kl. 21. Kl. 19 er det gudsteneste og kl. 20 - 21 vil organisten spela og sokneprest Arne Aurdal vera til stades. 
 

Den havarerte båten vil bli forsøkt heva rundt kl. 15 i dag. Dukkarar har søkt i havariet, utan funn, og det blir leita på botn i området rundt.

Haukeland universitetssjukehus sende i går kveld ut den triste meldinga om at sambygdingen som blei tatt opp livlaus frå sjøen etter båtforliset ved Loten laurdag, døydde.

Frivillige båtar gjenopptok leitinga etter den sakna fiskaren kl. 08:00 sundags morgon. Strandsøket, som blir organisert av Politiet, begynte kl. 09:00. 

Ver forsiktig!

Politiet og Røde Kors ber dei som ønsker å leita på eiga hand, gå minst to og to, ikkje ta sjanser og vera svært forsiktige.

Båtar som deltar i redningsaksjonen og som treng diesel, kan fylla hos Svein Ove Alvestad, tlf. 913 54 082. 

Bokn Arena er open for dei som treng ein møteplass. Der er også kommunen si kriseleiing samla.

Pårørande- og krisetlf.: 982 21 500.

Kommunebussen er disponibel ved transportbehov, ta kontakt på tlf. 98 22 15 06.