Asfaltarbeid, oppdatert 3. okt.

Illustrasjon, asfaltarbeid.

Dårleg vér og maskinhavari har ført til forseinkingar, men nå er det klart at asfalteringa startar i morgon, onsdag 4. okt. I veke 40 er dei nå starta ifrå Loten.

 

 

Frå E39

Det skal først asfalterast på Fv. 890, frå E39 og ca. 650 m derifrå. Vegen blir ikkje stengd under arbeidet. 

Hallvardskrossen-Alvestadkroken

Neste jobb er på Fv. 893, frå Hallvardskrossen og ned til Alvestadkroken. Her blir det manuell trafikkdirigering og ein må berekna noko ventetid (20 min.). Strekninga frå Hallvardskrossen og opp til Kyrkjebygd aktivitetshus, som i desse dagar blir nytta til omkøyring, skal ikkje asfalterast i denne omgang.

Økland-Sunnaland og Jøsang-Loten

I veke 40 (frå 4. oktober) står Fv. 891 for tur. Her blir det arbeid på to stader og vegen må stengast i periodar.

Stenge- og opningstider under asfalteringa:

Kl. 08:30 - 12:00 Stengt
Kl. 12:00 - 12:30 Open
Kl. 12:30 - 15:30 Stengt
Kl. 15:30 - 16:30 Open
Kl. 16:30 - 19:00 Stengt

Informasjonen blir oppdatert viss det kjem nye opplysningar eller blir forandringar.