Areal- og transportplan for Haugalandet

Areal- og transportplan_møte.jpg

Bokn kommune var 7. mars vertsskap då alle kommunane på Haugalandet samla seg om eit innspel til planutviklar Rogaland fylkeskommune. Planen vil vera styrande for utarbeiding av nye kommuneplanar og reguleringsplanar.

Observatør Terje Halleland frå fylkeskommunen fekk med seg at sjølv om det var ein del semje i innstillinga frå kommunane, var det også ein del punkt det blei tatt dissens på (meiningsskilnad). Dette handlar om sentraliseringsfokusering, og ordførar Tormod Våga seier han er spent på kva fylkeskommunen vil vektlegga når dei skal ha planen opp til behandling.

Areal- og transportplanen for Haugalandet skulle vedtas i førre 4 års-periode, men politikarane ba om utsetjing då dei meinte at planen var for stiv og lite fleksibel. Møtet i Bokn var det tredje og avgjerande møtet, der alle kommunane har fått deltatt på politisk og administrativt nivå. Adm. direktør i Haugesundregionens Næringsforening, Egil Severeide, var også til stades på møtet. 

Planen vil vere styrande for kommande arbeid med nye kommune- og reguleringsplanar, og får såleis stor betydning for utviklinga av heile Haugalandet.