Alt om Strandryddedagen 2019

Velkommen til Strandryddedagen 2019 laurdag 4. mai, med depot på Idrettshuset kl. 11-16. 

Som i 2017 og 2018 har arbeidsgruppa plukka ut prioriterte område i kommunen. Nokre av desse er fordelte på enkelte av laga som er med. Det vil koma containerar på sju stader. Desse er berre er berekna for avfallet i samband med årets aksjon.

OMRÅDE FORDELING CONTAINERAR
Grønnestadvågen   Alvestadkroken
Hognalandsbassenget   Bokn Arena
Klepp Bokn KFUK-KFUM-speidarar Føresvik
Ognøy, nord for Regavik - Ognakalven   Hognaland
Sandvika Bokn Fiskarlag Loten 
Skodahabn Bokn Senterungdom   Ognahabn
Strandavika - Rabbavika   Tåganes


Folk som møter opp på Idrettshuset blir fordelte etter ønsker og behov. Når dei kjem att blir det mat og sosialt samvær. Maten er sponsa av Norges Sildesalgslag og Bokn Fiskarlag.

Støtta av Bokn Bondelag

Bokn Bondelag støttar Strandryddedagen og oppfordrar medlemmene sine til å ha ein eigen ryddeaksjon heime på garden og fjerna m.a. siloplast på avveie for å visa stønad til prosjektet om reinare natur og hav – og eit reinare Bokn.

Registrer ryddeområde

Folk som vil rydda andre stader enn dei som er nemnde her, eller ikkje vil plukka langs sjøen, er sjølvsagt velkomne til å vera med. Det er det same kor du hentar boss, men det er ikkje lov å plukka langs E39.

Dei områda som blir rydda, vil bli registrerte digitalt i etterkant av Strandryddedagen. Derfor er det viktig at frivillige som er med, men som ikkje møter opp på Idrettshuset, rapporterer inn kor dei skal/har rydda. Folk kan rapportera inn til underteikna på tlf. 98221508 eller posta tekst og bilde på eventen på Facebook. Me trekker ut T-skjorter og buffers blant registrerte deltakarar.

Marint avfall

Tang, tare og trevirke skal ligga igjen på stranda. Får du tid kan trematerialet samlast saman i haugar, men ikkje slik at det kan flyta ut igjen. Viss du ikkje kan hiva søppelet ditt i ein container, sett det langs vegen - eller forsvarleg sikra på stranda, slik at det kan hentast med båt - hugs å rapportera.

Plante- og dyreliv

Foto av tjeld: Kristian PiknerFlora og fauna står som eige punkt i tryggleiksrettleiinga frå Hold Norge Rent. Det er viktig å ikkje forstyrra hekkande fugl og ta omsyn til anna dyreliv. Ein skal også unngå å rydda planter.

Me ber folk holda seg vekke frå reir hvis ein skulle finna det? Dette gjeld spesielt gjess, tjeld og vadarar.

Tryggleik

Folk må tenka sikkerheit når dei skal rydda ved sjøen. Dette er ekstra viktig når barna er med, og folk må sjølv vurdera om ein skal bruka redningsvest. «Hold Norge Rent» sin sikkerhetsveileder blir delt ut saman med sekkar og hanskar. Hugs mobilen, både med tanke på tryggleiken og for å senda bilde(r) og tekst til eventen på Facebook.

Viss det skulle bli ruskevér 4. mai blir dagen utsett.

Strandryddedagen er eit samarbeid mellom Bokn Fiskarlag, Bokn IL, Bokn KFUK-KFUM-speidarar, Bokn Røde Kors, Bokn Senterungdom og Bokn kommune.

Du er hjarteleg velkommen til å gjera ein innsats for eit reinare Bokn!

Kontaktpersonar:

Elisa Skeie, tlf. 95160456
Kjell Frode Lie, tlf. 90783797 (fraktar boss til containerar)
Jardar Havikbotn, tlf. 98221508