20 kinokveldar

Bygdekinoen presenterte 38 filmar i Auditoriet i 2018 og er framleis populær i bygda.

I morgon er det kino igjen, med aktuelle og kritikarroste filmar.

Det var to filmar som blei avlyste i fjor. Det siste tilfellet var pga. ei misforståing om tidspunkt. Filmen skulle starta 19:30, men 25 personar møtte opp og skulle sjå kl. 20:00 – då var maskinisten reist. Dette utgjorde eit negativt utslag på det totale besøkstalet i 2018. I gjennomsnitt var 17 stk. på filmane i fjor, mot 20 stk. året før.

Mest besøkt

De utrolige 2 (71 besøkande) og Månelyst i Flåklypa (54 besøkande) blei dei to best besøkte filmane. Desse blei vist i september, som også var den beste kinomånaden for Bygdekinoen på landsbasis. Grinchen 2D kom på tredjeplass (46 besøkande). Desse filmane var også blant dei seks mest besøkte filmane for Bygdekinoen i Noreg, med - ikkje uventa - Månelyst i Flåklypa på topp.