17. mai

17. mai 2015

 

Årets program er klart. Det blir tradisjonell feiring med nokre endringar.

Ein triveleg start på dagen i maritime omgjevnader i Alvestadkroken og folketog derifrå opp til kyrkja er blant endringane til årets 17. mai-komité. 8. klasse slår til med frukost på sjøhuset til Lars Magnus Alvestad. Dette er ei oppgåve dei har fått av 9. klasse, som ikkje hadde kapasitet til å ta på seg meir på nasjonaldagen. Inntektene går til deira klassetur når dei kjem i 10. klasse.

Frukosten er frå kl. 07.30 og varer til toget stiller opp kl. 09.30, så her er det høve til eit avslappande måltid med panoramautsikt til kapproinga og kort veg til togoppstillinga. Bokn båtforening tar i mot påmeldingar til kapproinga frå kl. 07.30.

Ei lita endring er det også ved Boknatun. Der skal toget slutta på austsida av bygget, men gå via sjukestova. Her ynskjer komitéen m.a. at alle i toget skal sjå betre når musikkorpset har konsert framfor sjukestova.

Komitéen opnar også for at leikar og andre uteaktivitetar startar tidlegare enn vanleg, og klokkeslettet for dette er det same som når programmet byrjar inne i gymsalen. Det skal vera rikeleg med tid til leik og drøs før ein startar opp med div. underhaldning frå scenen kl. 15.00.

Du kan sjå og ev. skriva ut programmet her (PDF, 2 MB). Det kan også rivast ut av Bokn Bygdablad nr. 2 - 2016.