Frå 17. mai 2017
Wenche L. Havikbotn
Bokn er sannsynlegvis den einaste kommunen nokon gong med same namn på talarlista på nasjonaldagen to år på rad. I fjor heldt eks-Utsira-ordførar og tidlegare rektor ved Bokn skule, Jarle Nilsen, talen.
Tradisjon
Årets komite er, saman med samarbeidspartnarane sine, godt i gong med å gjera nasjonaldagen like kjekk og minnerik som i fjor, då mellom 400 og 500 personar til slutt samla seg i Bokn Arena (BA). Toget hadde då gått frå Alvestadkroken til BA via kyrkja og Boknatun. Det blir same rute i år, med dei same arrangementa i samband med hendinga; kapproing, frukost, gudsteneste, sjukestove-konsert og program i BA.
Få endringar
Dei som skal vera med på kapproinga, kan melda seg på på SMS til tlf. 90960035 – i tillegg til å melda seg på frå kl. 07:30, på staden. Av ulike grunnar vil kiosken i år bli flytta frå 2. etg. og ned i hallen. Det vil også bli premiering, kr. 1.000, til den gruppa som har det beste innslaget i toget. Dei fire gruppene som er med i konkurransen er barnehagen, småtrinnet, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Kravet er at gruppa er med i toget heile vegen.
Komiteen planlegg også på å presentera nokre overraskingar i BA. Me håpar å kunna presentera det endelege programmet i veke 19.
Vegen klar
Vegvesenet lovar at det er klart for togruta å kryssa "Halvardskrossen" på nasjonaldagen. Bjørn Brekke fortel at det er planlagt å asfaltera frå krossen og opp førstkommande måndag, 16. april, og at folk vil merka store forandringar med Føresvikvegen framover mot 17. mai. Offisiell opning er 29. mai.