Vaksinestatus Covid-19 pr. 22. april 2021

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no Denne og neste veke blir personar i aldersgruppa 74-65 år vaksinerte, samt personar med underliggande sjukdom eller tilstand. Helsepersonell i kommunen blir fortsatt fortløpande vaksinerte.

Onsdag denne veka sette me 35 Pfizer-vaksinar. Neste veke skal me motta endå 1 hetteglass, dermed får me 6-7 dosar ekstra også neste veke.

Vaksineintervallet mellom dose 1 og dose 2 er nå på 6 veker.

Vaksineteamet følger oppsette lister etter FHI sine retningslinjer, og har ikke moglegheit til å disponera vaksinane etter individuelle ønsker.

Dersom nokon blir sjuke eller ikkje møter opp til vaksinering, kan vaksineteamet ringa personar på lista på kort varsel.

Allrommet, Boknatun 2. etg.

Vaksineringa føregår onsdags ettermiddagar på allrommet, Boknatun 2. etg.

Etter vaksinering må du sitta og venta i ca. 20 minuttar.

64 år og nedover

Personar frå 64 år og nedover kan nå kontakta Bokn legekontor for å setta seg opp på liste til påmelding til vaksine.

Vennleg helsing
vaksineteamet i Bokn kommune

Koronavaksinasjonsprogrammet