Vaksinestatus Covid-19 pr. 19. april 2021

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no Dei siste to vekene har vi fått levert betydeleg fleire vaksinerdosar enn tidlegare. Pr. no er det berre Pfizer sin vaksine, Comirnaty, vi har fått og som er planlagd levert vidare.

Etter vaksineringa sist veke har vårt flinke vaksinasjonteam fått gitt 17,7%  av befolkninga den første dosa, medan 8,3% har fått to dosar og er fullvaksinerte. 

Med dei planlagde leveringane vil vi i løpet av dei neste to vekene nærme oss 25% som har fått si første dose. Dette betyr at alle som er 65 år eller eldre kan rekne med å få tilbod om vaksine i løpet av april. 

Allrommet på Boknatun

Viss du ikkje har registrert deg enno så ta kontakt med Bokn legekontor. Alle som er registrerte blir kontakta når det er deira tur til å bli vaksinert. Vaksineringa føregår som tidlegare på Allrommet på Boknatun, ettermiddag onsdagar.

Koronavaksinasjonsprogrammet

Med  vennleg helsing 
Jan Schille
kommuneoverlege