Vaksinestatus Covid-19 pr. 15. juni 2021

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no

Dei neste vekene vil me vaksinera ned mot 50-åringar. Alle blir kontakta pr. telefon.

Registrer deg

Det er veldig viktig at alle som ønsker covid-vaksina, registrera seg. Dette gjer du med å senda sms eller ringa Bokn legekontor. Vaksineteamet må ha oversikt over kven som ønsker vaksine, og me erfarer at leveransane kan variera veldig.

Me minner om at me kallar inn til vaksinasjon basert på registrering, så viss du ikkje har registrert deg, får me heller ikkje kalla deg inn.

Vaksinering heile sommaren

Me vil vaksinera gjennom heile sommeren og håpar at leveransane aukar, slik at flest mogleg har fått første dose innan midten av august. Me brukar kun Pfizer-vaksina i Bokn kommune pr. i dag.

Vaksineringar foregår i allrommet på Boknatun i små grupper. Vaksina blir sett i overarmen på den armen du ikkje skriv med. Etter vaksineringa må du venta i 20 minuttar i tilfelle du får ein allergisk reaksjon. Det er vanleg prosedyre ved vaksinering. Me er heile tida to sjukepleiarar til stades.

Vennleg helsing
vaksineteamet i Bokn kommune