Vaksinering

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no Dei første vaksinane mot covid-19 er sett på bebuarar på Bokn sjukestove i dag, 6. januar.

Av vaksinekoordinator Henriette S. Lindanger

Bokn kommune mottok fem dosar i første omgang. Neste veke vil kommunen motta fleire vaksinedosar. Då vil resten av bebuarane på sjukestova vaksinerast, samt at me vil starta med å vaksinera etter FHI si prioritering.

Les meir om prioriteringslista her:

Koronavaksinasjonsprogrammet 

Inga bestilling

Ingen treng å bestilla tid til vaksinering i første omgang. Dei nærmaste vekene vil det komma meir informasjon frå kommunen om korleis dei ulike målgruppene skal forholda seg til vaksinering.

Enn så lenge er oppfordringa å tenka gjennom om du ønsker å ta vaksinen når det blir aktuelt.